Politireformen er for einsidig

Det er stor uvisse om politireformen fører til dei ønskte resultata.

Teksten ble først publisert i Dagens Næringsliv torsdag.

Politireformen står overfor ei vanskelig avveging. Politiet skal ikkje berre gå i skotsikre vestar, men også i 17. mai-tog.

  • På den eine sida vil ein gjerne ha eit meir handlekraftig og effektivt politi som er i stand til å møte beredskapsutfordringar og terrorisme.
  • På den andre sida vil ein også ha eit lydhørt lokalpoliti som er i stand til å førebyggje kriminalitet og som sikrar tilliten til politiet blant folk flest.

Begge vilkåra er viktige for å få eit velfungerande politi. Spørsmålet er korleis ein skal avvege desse omsyna mot kvarandre.

Kunnskapsgrunnlaget for politireformen er mangelfullt, slik Stig O. Johannessen også skreiv her i avisa (27. januar). Organisering av politiet medfører å ta stilling til vanskelege dilemma, og ofte må reformatorane velje mellom attraktive men delvis motstridande alternativ, som for eksempel organisering for eit effektivt aksjonspoliti versus organisering for tillitsvekkande nærpoliti.

Ein står med andre ord overfor delvis konkurrerande verdiar.

Spenninga mellom sentralisering og desentralisering har vore eit spesielt brennbart tema, som det ikkje finst noko endeleg og beste svar på. Omsynet til sentral styringskapasitet må avvegast mot omsynet til lokal forankring. Medan politistudien la stor vekt på sentral styringskapasitet, har lokal forankring fått større vekt i debatten etterpå.

Politistudien ville ha politiet ut av kontora og inn i bilane, men dei må også ut av bilane og ha kontakt med publikum.

Politistudien var i liten grad oppteken av dilemma og spenningar mellom ulike oppgåver og verdiar og hadde ei nokså einsidig merksemd mot kostnadseffektivitet og beredskapsoppgåver. Førebygging av kriminalitet og straffesaksbehandling vart for eksempel i liten grad trekt inn i diskusjonen.

Politistudien vridde diskusjonen bort frå Gjørv-kommisjonens nokså einsidige merksemd mot kultur. Diskusjonen om politireformen har i stor grad vore om organisasjonsmodell: om talet på politidistrikt, politistasjonar og lensmannskontor. Spørsmålet er om ein ikkje heller burde ta utgangspunkt i ein diskusjon om oppgåver, mål og verdiar og deretter stille spørsmål om i kva grad store eller små organisasjonar er veleigna til å utføre dei prioriterte oppgåvene.

Eit anna problem med den nokså einsidige merksemda mot struktur, er at ein er lite oppteken av samspelet mellom organisering av politiet på den eine sida og framvekst av ulike sub-kulturar på den andre sida.

Trass i at Gjørv-kommisjonen påviste store manglar ved mål- og resultatstyringa av og i politiet er denne styringsteknikken blitt vidareført og også vektlagt av Politistudien. Det er ei overdriven tru på mål- og resutatsyring, og spørsmålet er kor veleigna det er i politiet, som i stor grad der hendingssyrt og der konfliktene meir går om valg av verkemiddel enn om måla. Rett nok prøver ein å redusere talet på resultatkrav og resultatindikatorar, men spørsmålet er om dette er nok for å få systemet til å fungere på ein god måte.

Ein viktig føresetnad for å få eit slikt system til å fungere er at det ikkje blir oppfatta som eit kontrollsystem for overordna, men at det virkar understøttande og blir utforma i samarbeid mellom leiinga og dei tilsette.

Det er også eit unyansert syn på skillet mellom politikk og fag. Mål- og resultatstyring byggjer på eit klart skilje mellom overordna politisk målformulering og ein underordna nøytral iverksetting i politiet. Men i praksis er det store gråsoner der mykje av politikkens praktiske innhald blir utforma av politiet.

Dessutan handterer politiet gjenstridige problem som ofte ikkje kan løysast av politiet isolert, men der det trengst samarbeid på tvers av etatsgrenser. Mål- og resultatstyring fungerer best når problemstrukturen følgjer organisasjonsstrukturen, men dette er ofte ikkje tilfelle for dei sakene politiet har ansvar for.

Mål- og resultatstyring er lite eigna til å handtere mål som går på tvers av etatsgrenser og som krev samordning med andre organisasjonar som Forsvaret, blålysetatar, tollvesnet, skattevesnet, skuleverket, helseinstitusjonar, kriminalomsorg, domstolar og innvandrings­­­myndigheter. Slike utfordringar er lite framme i debatten om politireformen.

Konklusjonen er altså at kunnskapsgrunnlaget for politireformen er mangelfullt. Det er stor uvisse om reformen vil føre til dei ønskte resultata, og faren er at det vil oppstå uheldige sideverknader.

I slike situasjonar bør ein vere varsam med å innføre store og gjennomgripande reformer og heller prøve seg fram med mindre omstillingar og justere kursen etter kvart som ein får erfaringar med korleis omstillingane virkar i praksis.

for å kommentere artikkelen. (kun for medlemmer av Politiets Fellesforbund - benytt medlemsnummer og passord fra PF.no)