AVSKREKKANDE: Justisminister Sylvi Listhaug meiner «monster»-beskrivinga vil være avskrekkande på overgriparar. – Eg meiner at når man voldtar born, er man eit monster, seier ho.

Justisministeren bryt ein av kjerneverdiane til politiet

Dei overgrepsutsatte borna, dei mest sårbare av dei sårbare, er dei tent med at alle overgriparar vert stempla av justisministeren som monster, spør Arne Johannessen.

Publisert

Politiet har gode kjerneverdiar, der respekt er ein av dei mest grunnleggande. Alle som jobbar i politiet veit verdien av å syna alle respekt i sin yrkesrolle, det er ein kjerneverdi i rettstaten og grunnlaget for at politiet har stor tillit i samfunnet.

Politiet skal møta gjerningspersonar og offer med den same respekten og handsama alle utan å døma dei for den handlinga dei har gjort. Dette er krevjande.

Særleg krevjande er det når ein møter gjerningspersonar som er mistenkt eller sikta for dei verste overgrepa ein kan tenka seg overfor born.

Det er ikkje politiet sin jobb å døma eller stigmatisera nokon. Vår jobb er å få fram fakta i alle saker. For å få det til treng me å byggja tillit ved å syna alle respekt og menneskeverd, også dei som har gjort dei verste handlingar du kan forestilla deg.

KRITISK: Tidlegare forbundsleiar og no politiinspektør i Sogn og Fjordane politidistrikt, Arne Johannessen, er kritisk til justisministerens ordbruk.

Då forstår alle at dette vert meir krevjande når justisministeren kallar ei gruppe mennesker for monster. Desse «monstra» skal politiet møta for å skapa eit tillitsfullt samarbeid med for å få fram alle sider ved ei sak. Noko  som er nødvendig for å hjelpa dei borna som me alle har det største fokuset på.

Dei overgrepsutsatte borna, dei mest sårbare av dei sårbare, er dei tent med at alle overgriparar vert stempla av justisministeren som monster.

Lettar det etterforskinga i desse viktigaste av dei viktige sakene?

Eller lettar det straffegjennomføringa og rehabliteringa for å førebyggja nye overgrep mot born? 

Som politileiar har eg sterkt fokus på kjerneverdiane til politiet. Det er viktig å få alle tilsatte til å identifisera seg med dei, og ikkje minst etterleva dei i praksis.

Justisministeren, som vår øverste sjef har eit særleg ansvar for å gå i front med gode verdiar og haldningar. Då er monsterbegrepet eit dårleg bidrag.

Eg vil sterkt oppmoda min øverste sjef å korrigera sin omtale av desse overgriparane.

Powered by Labrador CMS