KRONIKK

Vi treng ein politikommisjon

Det er vel ingen andre politikkområde som er så prega av dagsaktuelle hendingar, kortsiktige politiske utspel og «hopp og sprett politikk», utan forankring i analysar eller faglege vurderingar.

Publisert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Tida er overmoden for å skaffa eit oppdatert og breitt fagleg kunnskapsgrunnlag som plattform for utvikling av politiet.

Politisk har ein innsett at den tryggingspolitiske situasjonen i Europa er totalt endra. Det har medført viktige kommisjonar som har analysert Forsvaret og den sivile beredskapen.

I dette arbeidet er det også noko fokus på politiet si rolle i kriser, fredstid og krig.

Det er derimot ingenting i den politiske debatten i Noreg som syner at ein har teke innover seg den alvorlege situasjonen politiet står i.

Vi har gode faglege trusselvurderingar lokalt og nasjonalt og mange, gode risikovurderingar som synleggjer utfordringane politiet står i.

Dette er dokument og analysar som på ingen måte ser spor av i den politiske kommunikasjonen eller er synleggjort i satsinga på politiet.

Skal ei utgreiing om politiet sin status, behov for utstyr, metodeutvikling, teknologisk satsing, bemanning og økonomisk vekst få legitimitet, må det koma frå ein breitt samansett kommisjon tilsvarande Forsvarskommisjonen.

Etter å ha følgd det politiske ordskifte og arbeidet om politi- og kriminalpolitikk tett, sidan midten av 1980-talet, er min klare påstand at dette politikkområdet har aldri fått den statusen det fortenar.

Mange fagområde og politikkområde vert utvikla på bakgrunn av breie, tverrfaglege utgreiingar og kommisjonsarbeid.

Politipolitikken og politirolla har framleis i stor grad oppheng i Politirolleutvalet si utgreiing del 1 og 2, oppretta ved kongeleg resolusjon av 10. desember 1976.

Det er vel ingen andre politikkområde som er så prega av dagsaktuelle hendingar, kortsiktige politiske utspel og «hopp og sprett politikk», utan forankring i analysar eller faglege vurderingar.

Det skulle vera nok å sjå på det siste året og dei mange utspela, som «reversering av politireform» og oppretting av nye politistasjonar.

Påplussinga på vel 500 millionar på revidert budsjett 2023 er isolert sett svært bra og gledeleg, men den politiske retorikken rundt dette er nedslåande.

For det vert kommunisert ut som at no er økonomien i politiet friskmeldt og ein kan tilsetta i dei mange ledige stillingane.

Dette stemmer på ingen måte og er nok eit døme på politikkutvikling på sviktande faktagrunnlag. Eller at ein ikkje vil ta innover seg fakta som vert presentert.

Politiforum har i sommar synleggjort at det er over 300 ledige politistillingar. Dette handlar berre om økonomi. Dei vel 500 millionane på revidert løyser ikkje dette, for det vil berre gå til å dekka deler av meirforbruket som var pr. 1.juli.

Som døme kan eg syna til Vest politidistrikt, som har teke kraftige grep for å forsøka å koma i økonomisk balanse.

Trafikkseksjonen i Bergen er avvikla og mange stillingar i alle deler av distriktet vert halde ledige.

Dette får naturlegvis konsekvensar for innbyggjarane, i høve til prioriteringar og ikkje minst i høve til HMS for tilsette.

Denne situasjonen vert på ingen måte endra ved den kjærkomne påplussinga på revidert, men meirforbruket i 2023 vert ikkje så stort som det hadde vore utan påplussinga.

Politiets Fellesforbund sin forbundsleiar har også vore ute og bedt om ein breiare gjennomgang av politiet. Det er svært bra.

Mi oppmoding går til alle fagforeiningane i politiet og ikkje minst til Politidirektoratet. Sett dykk ned i lag og definer dette prosjektet som det viktigaste samarbeidsprosjektet på lang tid.

Felles målsetting om å få nedsett ein breitt samansett politikommisjon vil kunna løfta kunnskapsgrunnlaget og kvaliteten på den politiske debatten mange hakk.

Eg skal ikkje drista meg til å laga framlegg til mandat, men berre nokon tema som openbert er modne for ei breiare analyse med blikk både utanfrå og innanfrå:

  • Politiet sitt maktmonopol og forvalting av det i dagens samfunn.
  • Tilliten mellom innbyggjarane og politiet – utvikla og styrka den.
  • Rekruttering og utdanning – sjå på ein delt utdanning mellom etterforsking og vakt/beredskap/politipatrulje.
  • Teknologiutvikling og utstyr.
  • Kultur, erfaringslæring, etikk og organisasjonsutvikling.
  • Bemanning og samansetting av tverrfagleg kompetanse.
  • Grunnberedskap for å sikra gode vakt- og beredskapsordningar i heile landet.
  • Vurdering om generalistrolla er mogleg å vidareføra med dei krav som er til spesialisering.
  • Styrka etterforskingsmiljøa med meir tverrfagleg kompetanse og feir fokus på etterretning.
  • Frå ord til handling om at førebygging er det viktigaste politiet arbeider med.

Så får me inntil vidare leva med at politipolitikken er basert på dagsaktuelle hendingar og mangelfullt faktagrunnlag.

Powered by Labrador CMS