POLITISK BESTEMT: Det er politisk bestemt å gjennomføra politireform. Nå må politikarane må ta konsekvensane av sine vedtak, prioriteringar og sluttførar det påbyrja arbeidet før ein brukar millionar på nytt beredskapssenter, skriv tidligare leiar av PF, Arne Johannessen.

Eg håpar det er politisk vilje til prioritering, og det bør bety å setja beredskapsenteret på vent

I gjennomføringa av historias største politireform er ikkje beredskapssenter rett pengebruk, meiner Arne Johannessen i Vest politidistrikt og tidlegare leiar av PF.

Publisert

Det er mange gode grunnar for at politiet bør ha eit eige beredskapssenter som Regjeringa har gjort framlegg om i statsbudsjettet for 2018. Det er framtidsretta og fornuftig å samla dei spissaste ressursane som beredskapstroppen, helikoptertenesta, bombegruppa og gisselforhandlarane i eit nasjonalt beredskapssenter.

Regjeringa set av 660 mill til dette i 2018, men totalprisen er rekna til cirka 2.6 milliard.

Men er dette rett pengebruk i den situasjonen politiet er i ved gjennomføring av historias største politireform?

Det er skapt store forventningar politisk, internt og overfor publikum om at politiet skal verta betre på førebyggjande arbeid, beredskap og ikkje minst gjennomføra etterforskingsløftet. Kvaliteten skal styrkast i alle ledd.

For å gjennomføra dette treng politiet fokus på tre kjerneområder:

  • Kompetanseløft og rekruttering av ny kompetanse: Særleg innan digitalt politiarbeid
  • IKT-utvikling: Store investeringar ventar
  • Bemanningsvekst: Minimum to politi per 1000 som gjennomsnitt i politidistrikta

Etterslepet på IKT-infrastruktur og gjennomføring av eit stort kompetanseløft vil kosta opp mot det same som eit beredskapssenter.

Tilsetjing av alle nyutdanna våren 2018 har ein langt lågare kostnad enn dei 660 mill som no er øyremerka til beredskapssenteret.

Eg er ikkje i tvil om kva som understøttar best på kort- og mellomlang sikt  dei politiske måla som er sett opp i politireform. Det kan heller ikkje vera mykje tvil om kva publikum i Norge, som ein samla nasjon vil ha mest nytte av i høve til kampen mot kriminalitet og styrka den lokale beredskapen.

Alle veit at responskvaliteten er avhengig av innsatsen den første timen. Den innsatsen vil alltid verta utført av lokalt politi, uavhengig av nasjonalt beredskapssenter og nye politihelikopter.

Min oppleveing ar at det er ikkje politisk vilje til å prioritera alle behova ein har dokumentert for å utvikla Norsk politi, men då må ein forventa at politikarane har ein raud tråd i sine prioriteringar og sluttførar det dei sjølve har starta.

Det er politisk bestemt å gjennomføra politireform. 

Det er politisk bestemt at ein skal ha to politi per 1000 innbyggjar innan 2020. 

Det er politisk bestemt at ein må styrka IKT-infrastruktur og kompetanse til politiet.

Politikarane må ta konsekvensane av sine vedtak, prioritere og sluttføre det påbyrja arbeidet, før ein brukar 660 millionar på nytt beredskapssenter.

Eg håpar det er politisk vilje til prioritering, og det bør bety å setja beredskapsenteret på vent og satsa på å sluttføra reform arbeidet inkludert politibemanning og IKT-satsing.

Powered by Labrador CMS