Kronikk

Det er på tide å sei ja til fast væpning av politiet

For meg er dei mange og lange periodane med fast væpning fra 2015 det viktigaste argumentet.

JA TIL BEVÆPNING: Arne Johannessen har snudd i debatten om generell bevæpning av politiet.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Det er ingen skam å snu!

Det er på tide å sei ja til fast væpning av politiet. 

Det er mange grunnar som byggjer oppunder dette behovet, særleg krimenalitets- og trusselbildet, typen kriminalitet og ikke minst politiet sin moglegheit til å løysa sitt samfunnsoppdrag.

Dei mange periodane med væpning syner endringa i trusselbildet og at det er eit behov for væpna politi. 

Det er svært uheldig at ein stadig får endring i om politiet har våpen som del av sin uniform eller om ein ikke har det. Denne «av og på situasjonen» ein har hatt sidan 2015 er uheldig og svært krevjande.

Eit politi med sivilt preg

Politiet har også synt at ein håndterer væpning på ein god og profesjonell måte.

Skremselspropaganda om at det vert meir skyting, at terskelen for å løysa skudd og at «våpenkappløpet» mellom kriminelle og politi eskalerer, har på ingen måte slått til.

Politiet har også synt at ein håndterer væpning på ein god og profesjonell måte.

Verdas best utdanna politi har synt at ein også klarar å tilpassa seg å vera eit «politi med sivilt preg», og nytta minst mogleg makt for å løysa sine oppnåver, sjølv om ein har våpen på hofta.

Dette bør alle som argumenterer mot væpning på eit meir prissippielt grunnlag merka seg.

Sjølv har eg stått i denne debatten sidan tragedien med dobbeldrapet av to politikollegar på Austbø i 1998. 

I etterkant av den tragedien sa både Høgre og Frp sine fremste justispolitiske talspersoner at dersom politiet kravde fast væpning, ville dei støtte dette. Dette kravet kom ikke fra Politiets Fellesforbund (PF).

I etterkant av Nokasranet i Stavanger 5.april 2004, kom det også flere politiske utspel om behovet for fast væpning av politiet, men eg som forbundsleiar og heile PF sa nei, men me var klar på behovet om fast framskutt lagring av våpen i bil.

Fram til 2004 var det svært få politidistrikt som hadde framskutt lagring av våpen i bil, og det var opp til kvart politidistrikt å vurdera. PF fekk klar støtte fra justisminister Odd Einar Dørum om behovet for nasjonal føring på at distrikta skulle innføra framskuttt lagring av våpen i bil. 

Dette har heilt klart bidrege til å dempa behovet og kravet om fast væpning.

Ting har endra seg

Men no har ting endra seg, og det er interesant å sjå at ulike miljø har teke innover seg endringar i samfunnsbildet og politiet sin moglegheit for å løysa samfunnsoppdraget.

Det regjeringsoppnemnde maktmiddelutvalet la fram sin innstilling 7.11.2022, og eit fleirtall med 5 mot 3 gjekk inn for generell væpning av politiet. Dei la fram eit godt kunnskapsgrunnlag som bakgrunn for sin konklusjon.

Dette har vore eit viktig bidrag for å få ein meir kunnskapsbasert debatt, og det er no fleire politikarar og ulike parti som signaliserer endring i standpunkt. 

Den 12.6. gjekk Sveinung Stensland, Høgre sin justispolitiske talsperson ut og sa at han hadde endra standpunkt, og var no positiv til generell væpning, dette fekk støtte fra nestleiar i KRF.

Justisministeren var nok ein gong ute å slo fast at regjeringa ikke har endra standpunkt, og at det er eit viktig symbol på vårt tillitssamfun at ein har uvæpna politi som eit av svært få land i verda.

Eg forstår standupnktet, og har sjølv nytta argumentet ved flere høve, men har kome til at dette ikke handlar om eit prissipp. 

Handler om liv og død

Det handler om liv og død. Det handler om at politiet må settast i stand til å beskytta innbyggjararane i dei mest ekstreme situasjonane når det ikke er tid til å henta fram våpen fra eit låst skrin i bilen.

Det handler også om arbeidsmiljø og liv og død for politiet som skal beskytta innbyggjarare i situasjonar som alle andre kan flykta ifrå.

Eg undrar meg på om justisministeren og ein del redaktørar i media vil stå opp med sitt prissippielle standupnkt også når det går galt. 

Eg undrar meg på om justisministeren og ein del redaktørar i media vil stå opp med sitt prissippielle standupnkt også når det går galt. 

Når politiet ikke klarar å løysa sitt samfunnsoppdrag på grunn av manglande tilgjengeleg våpen, eller når politifolk vert drept på grunn av manglande våpen, vil ein også då stå fram å sei at dette er ein villa risiko som ein har teke for å stå fast på det prinsipielle om eit uvæpna politi.

Me må alle ta innover oss endra trusselbilde og ny kunnskap, som vert synliggjort på ein god og ryddig måte av maktmiddelutvalet.

Det er aldri lett å endra standpunkt, men det er som kjent ingen skam å snu.

Powered by Labrador CMS