Debatt
«Eg forventar ikkje at medarbeidarane mine set klar med telefonen i handa på fritida si i tilfelle det skjer noko»
Fleire ressursar kunne gjort politiberedskapen i Sogn mindre skjør og bidratt til at me kunne løyst samfunnsoppdraget på ein betre måte. Men beredskapen baserer seg ikkje på folk som er på fri.
Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.
Politiet i Sogn var eit heitt tema før jul.
Det heile starta med Politiets Fellesforbund (PF) sitt landsmøte medio november. Vilde Veum var til stades som ein av delegatane til PF Vest. Ho innleia den politiske debatten med eit godt innlegg med bakgrunn i eigen politikvardag.
Eg vil tippa at innlegget var tenkt som oppspel til ein generell politisk debatt om beredskap og ressursar i politi-Noreg.
Men så enda det opp med utelukkande å handla om beredskapen i Sogn! Kven hadde trudd det!
Men me tek det me får. Skulle det heile føra noko positivt med seg, så skal me tåla å leva litt i rampeljoset, sjølv om beredskapen i Sogn blir endevendt og framstilt som tynn og tilfeldig.
Vilde og eg kunne stått saman på podiet dersom innlegget hennar hadde vore noko mindre retorisk krydra. Det har me to alt snakka om.
Hovudbodskapen om mangel på ressursar og ein sårbar beredskap står me i lag om. Utan tvil!
Fleire ressursar kunne gjort beredskapen mindre skjør og bidratt til at me kunne løyst samfunns-oppdraget på ein betre måte.
Fleire ressursar kunne gjort beredskapen mindre skjør og bidratt til at me kunne løyst samfunnsoppdraget på ein betre måte.
I dette perspektivet betyr nokre få stillingar veldig mykje i ein liten teig som Sogn!
Men nokre punkt må eg som leiar i Sogn kommentera.
Det handlar om at beredskapen i Sogn synes vera tufta på flaks, tilfeldigheiter, lukke og politifolk på fri.
Er det flaks at politiet dukkar opp?
Politiberedskapen i Sogn er sett saman av patruljer som har heimevakt eller aktiv teneste, alt etter kor tid det er på døgeret. Heimevakt betyr at patruljen har bil og utstyr med seg heim og rykker ut på oppdrag heimanfrå. Aktiv teneste betyr at patruljen er på politistasjonen, eller ute og rullar i politibilen.
Me har arbeidsplanar og tenestelister som definerer når alle skal jobba. Me prøver ha mest mogeleg aktiv teneste. Det fører i dei aller fleste tilfella til redusert responstid.
Dersom me får informasjon om arrangement, eller andre ting som ut frå erfaring kan krevja ekstra politiinnsats, så ser me på behovet for å auka opp med fleire folk. I tillegg styrer me ressursane inn på tidspunkt og til stader der me av erfaring veit det er klokt å vera tett på.
Det er mykje for å førebyggja straffberre handlingar og redusera responstida. Me flyttar også på ressursar i heile Sogn. Har me ekstra behov, så får me støtte frå andre deler av politidistriktet.
Difor er det etter mi vurdering ikkje rett å sei at beredskapen er tilfeldig.
Difor er det etter mi vurdering ikkje rett å sei at beredskapen er tilfeldig. Den byggjer på erfaring og oppdatert kunnskap for å gje best mogeleg politidekning ut frå dei rammene me har.
Dersom det oppstår eit ordensproblem som krev akutt politiinnsats i Sogndal sentrum ein laurdag kveld, så er det ikkje tilfeldig at politiet er raskt på pletten.
Vel er ikkje responstida så god som me skulle ynskja. Beredskapen er best i sentrale strok, og mindre god di lenger ut i periferien me kjem. Slik sett er me sårbare. Men eg vil påstå at me treff rimeleg godt.
Om alt hadde vore flaks, lukke og tilfeldigheiter, så skulle me hatt mange episodar der ting gjekk heilt skeis fordi politiet ikkje kom i tide. Men det har me altså ikkje.
Det som uroar meg mest når det gjeld beredskapen og lite ressursar, er faktisk mogelegheitene for politipatruljen til å få bistand i tide.
Det som uroar meg mest når det gjeld beredskapen og lite ressursar, er faktisk mogelegheitene for politipatruljen til å få bistand i tide. Publikum får hjelp, men patruljen vil i mange tilfelle måtte venta (for) lenge på forsterkingar.
I tillegg ynskjer eg levera meir enn berre beredskap. Eg vil ha eit politi som er synleg og til stades der folk er, også i «fredstid». Det er ein utfordrande kabal.
Politi 24/7
Medarbeidarane mine skal ikkje gå rundt med klump i magen. Til tider kjenner me nok på det likevel. Ein klump i ny og nè må me leva med.
Blir dei for mange og kjem for ofte er det slettest ikkje bra. Då må me gjera noko.
Dette til tross: Medarbeidarane i Sogn fortel om ein god arbeidsplass. Me har lågt sjukefråver. Folk trivst. Arbeidsmiljøet er godt og me blir ikkje sjuke av å gå på jobb.
Visst har me kjipe dagar. Me har då tross alt vald eit yrke der me eksponerar oss for fleire påkjenningar enn folk flest. Det må me leva med og handtera åleine og i lag.
Eg forventar ikkje at medarbeidarane mine set klar med telefonen i handa på fritida si i tilfelle det skjer noko.
Eg forventar ikkje at medarbeidarane mine set klar med telefonen i handa på fritida si i tilfelle det skjer noko. Tvert i mot unner eg medarbeidarane mine all fri dei kan få.
Dei treng kobla av og gløyma jobben. Det er viktig for å få ein god balanse i livet og ha overskot i ein travel politikvardag.
Politiberedskapen baserer seg ikkje på folk som er på fri, men på jobb, pakka i bil, mentalt og fysisk klar for utrykking.
Så hender det sjølvsagt at det er behov for ekstra ressursar i samband med ting som skjer, sjukdom, osv. Då går det ut melding om overtid. Men akkurat det er ikkje unikt for politiet.
I verste fall kan eg faktisk beordra folk på jobb mot sin vilje. Men det har eg endå til god å gjera, fordi folk stiller opp. Medarbeidarane mine bryr seg om du får hjelp i tide, eller at kollega får støtte når det er behov for det.
Paradoksalt nok er lojalitet til jobben, kollega, publikum, osv. kjernen i problemet med å stilla seg til disposisjon på fritida. Det fører til at folka mine sjekkar ut seg i mellom kven som er tilgjengeleg om det smell. Berre sånn i alle tilfelle skuld.
Bodskapen min om at fritid er fritid har diverre ikkje nådd heilt inn ser eg. Eg veit ikkje om eg nokon gonger lukkast med det heller.
Innlegget ble først publisert på politiet i Sogn sin Facebook-side, og gjengis her etter avtale med forfatteren.