Kronikk

Svindlarane tar enorme summar: Korleis er haldningane våre i desse sakene?

Totalt sett blir det årleg gjennomført svindel som fører til tap på i overkant av tre milliardar kroner. Er politiet gode nok til å handtere denne type kriminalitet?

Politikvinne, caps, samband.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Det er torsdags morgon og klokka har akkurat passert 07.00. Medan Veslevik er i ferd med å vakne til liv, og dei aller fleste er begynt å tenkje på kva som skal skje i løpet av dagen, er Brita Olsen på veg for å legge seg. Brita er svært sliten etter ein lang telefonsamtale. Telefonsamtala Brita nettopp har avslutta, er den lengste som ho nokon gong har opplevd i overkant av sine 87 år. Når ho no skal legge seg, er ho glad for den gode hjelpa politiet har gitt for å sikre at kontoen hennar ikkje vart tømt av framande folk, eller «tjuvpakk», som Brita sjølv kallar dei. 

Dagen i førevegen, litt før klokka 10 på føremiddagen, fekk Brita ein telefonsamtale, som såg ut til å være frå politiet i Trøndelag. Kvinna som ringte fortalde at ho jobba med økonomisaker ved politidistriktet, og at banken til Brita no hadde kontakta politiet. 

Brita vart litt stressa, og spurte om korleis ho kunne stole på at det var politiet som ringte og sa at ho hadde høyrt om andre som var blitt lurt via telefonen. Personen svarte med ei svært behageleg og fin stemme at Brita kunne stole på at det var frå politiet og ho gav på nytt namnet og tenestenummeret sitt. 

Brita var no overbevist og sa at ho sjølvsagt ville bidra så ho ikkje mista pengane sine. Det er jo tross alt snakk om oppspart pensjon over mange år og litt arv etter mannen hennas Emil. 

Brita fekk instruksar om at ho no måtte slå av internettet og at ho ikkje måtte snakke med nokon andre før at politiet hadde fått sikra pengane. Det var også svært viktig at Brita ikkje braut telefonsamtala, og når samtalen på eit tidspunkt var over, så måtte ho slå av telefonen sin i minst 5 timar.

Umogelege saker? 

Brita brukar å stå opp i sekstida på morgonen, så ho hadde jo no vore våken i over eit døgn. Det var mange tiår sidan Brita sist hadde «døgna», ja truleg ikkje sidan tida ho var nyforelska i Emil då dei begge var i midten av tenåra. Så no var det godt å legge seg… 

Brita bråvakna i 10.30-tida. Ho følte at noko ikkje var heilt rett. Trøytt og tung i hovudet fant ho fram telefonen. Straks den vart slått på, tikka det inn ein SMS frå eine dottera:

«Er alt bra mamma? Kan du ringe meg?»

Før Brita rakk å ringe, ringte dottera.

– Hallo mamma, er alt bra med deg? Vi har ikkje fått tak i deg og var bekymra for at noko har skjedd. 

– Jadå, eg har det berre bra. Eg vart oppringt av politiet i går morgon, og dei sa dei redda pengane mine frå noko «tjuvpakk». No har eg likevel fått ein følelse av at noko ikkje stemmer heilt. 

– Mamma, du har blitt svindla! Eg ringer banken din med ein gong, svarar Mari. 

Historia over er fiktiv, men kunne i høgste grad vore heilt reel. Timane som går med i ein «Olgasvindel» kan strekke over både eit, og tidvis to døgn. 

Dei som blir oppringt trur dei får ei «utstrakt hand» som vil hjelpe dei, men realiteten er heilt noko anna. 

Er politiet gode nok til å handtere denne type kriminalitet? Har vi gode nok rutinar for å ta i mot anmeldelsar og etterforske desse vidare? Korleis er haldningane våre i desse sakene? Er det den svindelutsatte som har vore lettlurt og derfor må tole at pengane forsvinn over til dei kriminelle? 

Er synet på nettsvindelsaker likt som med andre økonomisaker, at dette er massivt, vanskeleg og nærast umogeleg å etterforske?

Manglande kunnskap

Våren 2023 hadde eg jobba 22 år i politiet og hadde lyst på å prøve noko nytt. Eg søkte derfor på ei stilling som svindelkonsulent i ein av bankane her i Førde, fekk jobben og tok til i denne 1. mai. Eg kom då frå jobben som kriminalteknikar og hadde ikkje jobba direkte med økonomisaker på ein del år. 

Sjølv merka eg ikkje så mykje til desse sakene då eg jobba som kriminalteknikar, utover at eg høyrte at det tidvis vart nemnt at «no var det ei ny svindelsak igjen». Korleis desse sakane vart handtert av politiet, hadde eg ikkje noko nærare kjennskap om, og eg hadde på ingen måte noko forhold til korleis dei involverte personane i slike saker hadde det etter dei var blitt lurt for pengar.

Det tok ikkje langt tid i min nye jobb, før eg fekk sjå omfanget av sakene. Dessverre fekk eg også sjå kor «lett» politiet også handterte mange av sakene. Fleire saker vart henlagt like raskt som dei vart oppretta, og ofte utan noko dialog mellom bank og politi. 

Mangel på kunnskap om kva informasjon banken faktisk kan bidra med, er utvilsamt ein akilleshæl i politiet. På like linje som at bankane må kjenne til kva informasjon politiet faktisk trenger for å kunne komme vidare i ei straffesak. 

Det er ikkje alltid «rett fram» for den svindelutsatte å komme seg fysisk til ein politistasjon for å anmelde forholdet. Lang avstand og/eller dårleg helse, kan være noko av grunnen til at dette kan ta tid. Hadde pengane som vart svindla frå kontoen til ein person, blitt stole frå huset til vedkommande enten ved innbrot eller ran, så hadde jo politiet mest truleg reiste heim til vedkommande. 

Mange tenkjer at pengane i ei svindelsak går rett til utlandet. Ja dette skjer, men ikkje alltid. Muldyr stiller kontoane sine til disposisjon, og bidrar såleis med god hjelp til «vidaretransport» av pengane. Dessverre er muldyrvirksomhet blitt attraktivt, og det er kanskje ikkje så rart, då oppdagelses-risikoen er liten, ettersom det i fleire saker ikkje blir gjort noko mot muldyra. Svindelutsatte får henlagt saker på bevisets stilling, med bakgrunn i manglande dokumentasjon. 

Dette etter at vedkommande har fritatt banken frå teieplikta, men politiet har ikkje tatt seg bryet med å kontakte banken og etterspurt noko som helst… 

Ein ynskjer gjerne å få tatt «hjernen» bak ei svindelsak, men dette framstår kanskje som vanskeleg eller tidvis umogeleg på grunn av begrensa med ressursar og sakas kompleksitet. Då er det viktig at dette ikkje tar frå oss moglegheita og lysta til å handtere dei andre personane som er involvert og som ofte er langt meir blottlagt enn sjølve svindlaren. Muldyrvirksomhet må bli sett på som lite attraktivt og heller som risikofylt.

Ingen veit

Tal frå Finanstilsynet viser at det i 2023 vart gjennomført svindel som førte til tap på totalt 929 millionar kroner. Altså svindelsaker der ein ikkje klarte å stoppe og tilbakeføre midlane. Dette betyr at det i snitt vart svindla for over 2,5 millionar kroner kvar dag, pengar som gjekk rett i lommane til kriminelle. Når ein veit at bankane stansa 2072 millionar kroner utanom dette, vil det jo sei at det totalt sett dreier seg om i overkant av tre milliardar kroner i svindel på eit år! 

Overskrifta «Den stille kriminaliteten», føler eg er eit dekkande ord for svindelsakene som skjer. «Dagen går vidare» like på utsida av huset til den som blir svindla, ingen veit kva som skjer der inne. 

Ingen blålys frå politiet si side, som i andre saker røyker ut både media og andre som er nysgjerrige på kva som skjer, og sakene får oftast ein heilt anna oppstart og prioritet kort tid etter det har skjedd. I mine år i politiet har eg møtt mange personar som har vore utsett for ulike typar kriminalitet og som har fått store endringar i livet sitt. 

Eg vil likevel påstå at mange av samtalane/møta eg hadde med kundane i banken, gjorde like sterke inntrykk. Spesielt møta med dei som har blitt utsett for «Olgasvindel». Det er ikkje dei tapte pengane som først og fremst har vore i fokus, men flauheta over å ha blitt lurt og ikkje minst at dei har blitt lundlurt av nokon som dei trudde ville hjelpe dei. 

No er eg tilbake i politiet, som kriminalteknikar, men tenkjer likevel ofte på alle dei som blir utsett for svindel. Eg håpar at politiet og bankane saman kan finne gode løysingar som fører til langt færre saker i framtida. Oppdagelsesrisikoen må opp!

Powered by Labrador CMS